Istituto Italiano Di Cultura
| Silent Fires | |
| November 12, 2019 | |
| 6:00 pm | |
| Oslo, Norway | |
| Istituto Italiano di Cultura | |
| Google Map |
Silent Fires er eit norsk-italiensk elektroakustisk ensemble med tilhald i Oslo, initiert av Alessandro Sgobbio (piano, komposisjonar), og er i tillegg med Hilde Marie Holsen (trompet, effektar), Håkon Aase (fiolin) og Karoline Wallace (vokal). Musikk og tekst — på engelsk, italiensk og norsk — er skriven av Sgobbio, og omhandlar spiritualitet i ei utvida tyding. Det musikalske resultatet vert ein dialog mellom melodiske fragment av ulike bøner, akustisk stille og elektroniske flengjer, i både strenge og lause former der musikarane gjennom eksperimentering og improvisasjon får rom til å kommentere dei komponerte strukturane. Silent Fires vart starta opp i 2016, og ensemblet har sidan det spelt fleire konsertar i Italia, Frankrike og Norge. Kvartetten gir fredag 6. desember ut albumet “Forests” med AMP Records.